Lærarprofesjonens etiske råd stiller spørsmål ved forvaltningspraksis i skular og barnehagar under koronaepidemien
Lærarprofesjonens etiske råd har motteke meldingar knyt til konsekvensar av smitteverntiltak på skular og i barnehagar. Meldingane kan tyde på at barnehageborn og elevar sine grunnleggjande rettar til opplæring og godt psykososialt miljø vert sett under press som følgje av koronapandemien.
Elevar med funksjonsvariasjonar har mista retten til trening og andre tilbod som betrar livskvaliteten. Tilvenningsperioden i barnehagen for dei yngste barna har vore prega av redusert vaksenkontakt. Leksehjelp er fjerna på fleire skular. Leksehjelp skal mellom anna redusere skilnader mellom elevar med ulik sosioøkonomisk bakgrunn og gi elevane betre føresetnader for å følgje undervisinga.
Kommunar med omreisande spesialpedagogisk personale har kutta oppsøkjande verksemd i barnehagar, slik at dei minste ikkje får si spesialpedagogiske undervising. Spesialpedagogisk undervising og tilrettelagt opplæring byr på utfordringar i digital nettundervising og fell ofte vekk fordi lærarane må nytte tida til å dekke ordinærtilbod både på skule og over nett. Helsesjukepleiarar har blitt sett til andre oppgåver og har dermed ikkje følgt opp born dei har avtalar med eller er uroa for.
Tiltaka er iverksette med tilvising til det nasjonale smittevernarbeidet. Samstundes etterspør fleire ei breiare konsekvensutgreiing av lokale smitteverntiltak med bakgrunn i at elevar og barnehageborn står i fare for å miste rettane sine over lengre tid.
Ein unntakstilstand med så stor inngripen i unge menneskeliv, bør stadig utfordrast og vurderast konsekvensane av. Kompenserande tiltak og ulike alternativ bør vurderast. Rådet er spørjande til om lokale tiltak er konsekvensvurdert til å vere proporsjonale deira inngripande natur og konsekvensar.
Med helsing
Ingunn Folgerø på vegne av Lærarprofesjonens etiske råd