Aktuelle problemstillingar og vårt hovudfokus i år
Lærerprofesjonens etiske råd har sidan nytt råd vart konstituert i april arbeidd med ei breidd relevante saker. Det er stort tilfang av aktuelle problemstillingar og vårt hovudfokus i år er Prinsipp for barns beste. For å tilnærme oss fokusområdet, vil me arbeide med nokre parallellar:
- Støtte opp om og etablere eit etisk språk i barnehage og skule. Kva kjenneteikner å arbeide systematisk med etikk? Kva spørsmål stiller me oss? Kva fundament bør me stå på når me tek avgjerder? Kva skil etikk frå moral?
- Kva handlingsrom bør lærar ha for å handle i tråd med kva han/ ho vurderer er til beste for barnehagebarn og elev?
- Vurderingspraksis i fagfornyinga: kva bør me diskutere og følge med på i fagfornyinga, og særleg vurderingspraksisen som skal endrast?
Me er særs takksame for innspel og spørsmål og har fått fleire oppdrag ute i lokallaga til fagforeiningane.
For å følge vår daglege oppdateringar tilrår me å følge Facebook - sida vår: https://www.facebook.com/laererprofesjonensetiskeraad.
Der legg me ut relevante artiklar, refleksjonar og innhald fra møta våre