Uttalelser/innlegg
Aktuelle saker
Har du fått med deg at Lærerprofesjonens etiske råd sin podcast Lærerliv. Her kan du høyre diskusjonar kring etiske dilemma me møter dagleg kring rettsvern for lærarar, leikens plass, pedagogikk under press, lærarars feilsteg og korleis rette opp i dei og mykje meir. Lærerliv on Apple Podcasts
Rådsmøtet 10.januar og 1.mars 2023 brakte opp mange aktuelle dilemma. I tida framover undersøker me lærarane sin etiske skvis knyt til spesialundervising som ikkje vert gjennomført etter lova. Send oss gjerne dine erfaringar på området. Lærarar opplever at dei ikkje kan fortelje føresette at timane ikkje vert gjennomførte og det høyrer til regelen meir enn unntaket at timane vert gjennomført. Mange stader er det også slik at rektor grupperer elevar med stort spenn i behov i ei og same spesialpedagogiske gruppe. Dette for å tilpasse utgiftene med tildelingane frå kommunen. På kva måte er dette i tråd med barnets beste og Lærernes profesjonsetiske plattform?
Vidare kjem rådet stadig tilbake til saker der det er auka forventingar til kva læraren si rolle skal vere og at det er store avvik mellom forventingar og høvet til å innfri desse. Korleis påverkar denne situasjonen høvet til å etterleve profesjonsetisk plattform og ein god skulekvardag for lærarar og elevar.